Sidekart      Kontakt        Sok

Aktuelt

(21.07.2009)

Artikkel om forbrukarkjøp

Forbrukarkjøp blir regulert av forbrukarkjøpslova frå 2002. Som forbrukarkjøp blir rekna privatpersonar sitt kjøp frå næringsdrivande. Kjøp og sal mellom næringsdrivande eller mellom private, blir regulert av kjøpslova frå 1988.

 

Det er berre manglar ved kjøp etter forbrukerkjøpslova som vil bli behandla nærmare her.

 

Oppdager du ein mangel ved gjenstanden må du reklamere, det vil sei gi beskjed til seljar, innan rimeleg tid. Lova gir godt vern ved at den seier at du har minst 2 månader på deg, frå du oppdaga mangelen. Ein grei hugseregel er likevel at ein tek kontakt med seljar straks ein finn at noko er gale.

 

Den absolutte reklamasjonsfristen er i utgangspunktet 2 år. Ved nokre gjenstander vil den vere 5 år, dersom tingen er meint å vare vesentleg lengre. Som eksempel kan nemnast at Høgsterett i ein fersk dom har slege fast at det er meir enn 2-års reklamasjonsfrist på mobiltelefonar. Poenget med den absolutte reklamasjonsfristen er at den bestemmer kor lang tid det kan gå før du oppdagar mangelen og likevel kan reklamere. Etter at mangelen er oppdaga må du uansett reklamere hurtig.

 

Hugs elles at feil som oppstår med tingen i løpet av dei første 6 månadene etter at du har overteke den, blir rekna for å vera seljar sin risiko. Det betyr at det er seljar som må sannsynleggjera at feilen har meldt seg etter overtaking.

 

Kva kan du som forbrukar gjera dersom det viser seg at det er noko gale med gjenstanden som du har kjøpt eller fått i gåve?

 

Du kan kreve avhjelp, som anten vil sei at mangelen blir reparert (retting) eller at du får ei ny vare (omlevering). Du kan som utgangspunkt velja mellom retting eller omlevering.

 

Avhjelp skal vere gratis for forbrukaren og skal skje innan rimeleg tid. Dersom avhjelpa inneber at du vil vera hindra frå å bruka tingen i over 1 veke, kan du normalt kreva å få ein erstatningsgjenstand i mellomtida til seljar sin rekning.

 

Seljar har rett til å gjere to avhjelpsforsøk. Dersom mangelen då ikkje er utbetra, vil kjøpar kunne krevja prisavslag eller erstatning. Hvis mangelen er vesentleg, kan du heva kjøpet. Då vil seljar få tilbake den mangelfulle gjenstanden mot at du får refundert kjøpesummen. Kva som er vesentleg vil variera og bero på ein konkret vurdering, men det blir kravd mykje før ein kan heva eit kjøp.

 

Ein gjer merksam på at dine rettar ikkje blir dårlegare sjølv om vara er kjøpt på sal.



Lagt inn av: Anny Reppen - Lest: 1197 ganger

< Tilbake til aktuelt

Linker
 
Kontoradresse: Parkveien 5, 6856 Sogndal
Postadresse: Postboks 25, 6851 Sogndal  |  Login
Telefon: 57 62 88 50
Telefax: 57 62 88 51  |  E-post: post@advokat-tollefsen.no