(21.07.2009)
Artikkel om retten til eige bilete
Det er i dag utbreidd med mobiltelefonar som kan ta gode digitale bilete og filmopptak. Det er i tillegg lett å vidaresende slike bilete og opptak til andre, enten det er via mobiltelefon eller Internett. Ein ser til dømes at mange legg ut bilete av vener, kjærestar og kjende på facebook eller youtube. Dette er heilt vanleg og ein tenkjer kanskje ikkje så mykje over dei juridiske sidene knytt til fotografering, filming og vidaresending.
Det er likevel klåre grenser for kva ein har lov til å gjere med bilete og filmopptak av andre menneske. Etter åndsverklova § 45c har ein ikkje lov til å offentleggjera bilete utan samtykkje frå den det er teke bilete av. Domstolane har slege fast at denne avgjerda og omfattar filmopptak.
At det blir kravd samtykkje betyr at den du tek bilete av må godta at bilete blir offentleggjort. Det held ikkje at du trur at den det gjeld tykkjer det er greitt; det blir kravd eit klårt løyve.
Ein reknar normalt for å ha teke bilete av nokon når det er mogleg å kjenne att vedkomande på bilete.
Eit meir komplisert spørsmål er å avgjere når bilete skal reknast å vera offentleggjort. Utgangspunktet er at biletet må vera gjort tilgjengeleg for ålmenta.
Om ein sender eit bilete til nokon få vener via mobiltelefon eller e-post, kan dette neppe bli rekna som offentleggjering. Om disse venene derimot sender vidare bileta til andre, som igjen vidaresender dei til enda fleire, er ein nok over grensa for kva som er lovleg etter åndsverklova § 45c.
Om ein legg bileta ut på ei open side på Internett, er dette heilt klårt i strid med lova. Då vil nemleg alle med tilgang til Internett i teorien kunne sjå biletet/filmopptaket. Meir usikkert er det der man legg ut biletet på ei stengd side, der berre eit avgrensa tal menneske har tilgang. Ein bør likevel vere forsiktig. Faren for misbruk og vidaresending av bilete vil alltid vera til stades på Internett. Dersom dette skjer, er det den som først la ut biletet som vil stå ansvarleg.
Det er unntak frå forbodet, blant anna der biletet har ”almenn interesse”. Media forsvarar ofte offentleggjering av bilete av kjendisar med at bileta er interessante for ålmenta. Dette er ikkje alltid rett. Lova krev nemleg at biletet i seg sjølv har ålmenn interesse. Det er til dømes ikkje sjølvsagt at det er ålment interessant at ein kjend person er på privat bursdagsfest hjå ein kamerat.
Brot på forbodet mot offentleggjering av bilete/filmopptak kan etter lova føre til både bøter og fengselsstraff. Ein kan og risikera å måtte betale erstatning til den det er teke bilete av etter ei nærare vurdering.
Lagt inn av: Anny Reppen - Lest: 1168 ganger
< Tilbake til aktuelt
|