(21.07.2009)
Artikkel om feil med bustaden - kva skal du gjera ?
Hvis ein finn feil ved bustaden ein har kjøpt, må ein reklamera ovanfor seljaren så snart som mogeleg. Mange blir forvirra av at det finst ein 5-årsfrist for reklamasjon ved bustadkjøp. Denne 5-årsfristen er imidlertid generell og blir rekna som ei øvre grense frå ein kjøpte eigedomen. Så snart ein faktisk oppdagar ein feil eller mangel ved eigedomen, må ein klaga så fort som mogeleg. Domstolane gir uttrykk for at ein ikkje bør venta meir enn maksimalt nokre veker. I motsatt fall risikerar ein å tapa høve til å retta krav som fylgje av mangelen.
Ein reklamasjon bør skje skriftleg. På denne måten kan ein bevise at ein faktisk har reklamert og til rett tid. Det er ikkje nødvendig å ha ferdig eit endeleg krav i reklamasjonen. Ofte må ein venta på tilbakemelding fra ein takstmann eller lignande for å få vita kor stort omfang skaden har. Ein veit dermed ikkje kva ein eventuelt kan krevja som fylgje av mangelen. Ein bør likevel senda ein generell reklamasjon kor ein kort fortel kva som er årsaka til at ein reklamerar og der ein seier at ein kjem tilbake med kravet sin art og størrelse på eit seinare tidspunkt. Dette er tilstrekkeleg.
Det er viktig at ein ikkje ventar for lenge med å senda det endelege kravet. Dersom det går for lang tid frå reklamasjon til endeleg krav blir sett fram, kan ein risikera at ein
har handla for seint og at kravet dermed er tapt.
Det mest vanlege er at ein klagar/rettar krav ovanfor seljaren av bustaden. I praksis blir dette gjerne eit forsikringsselskap, då dei fleste teiknar eigarskifteforsikring når dei skal selja eigedomen sin.
Nokre gonger kan ein og retta kravet mot eigedomsmeklaren eller seljaren sin takstmann. Både eigedomsmeklarar og takstmenn arbeidar etter ein streng bransjenorm, og det er slege fast av domstolane at seljar står fritt til å retta krav mot dei og. Dette byggjer rett nok på at meklaren og/eller takstmannen har gjort ein feil knytt opp mot hans ansvar. Det er ikkje slik at ein automatisk har eit krav mot meklar/takstmann fordi ein har eit krav mot seljar. Dette er noko som må vurderast konkret.
Eigedomssaker kan vere kompliserte og det er mange fristar og reglar å halda seg til. Derfor kan det vera lurt å søka juridisk bistand så snart ein finn ein feil eller mangel ved eigedomen. Slik kan ein syta for at reklamasjon blir gitt til rett tid, til rette vedkomande og med rett type krav. Dei fleste husforsikringar har rettshjelpsdekning som dekkar det meste av advokatutgiftene i slike saker. På denne måten kan ein som oftest unngå at konflikten vert svært kostbar.
Lagt inn av: Anny Reppen - Lest: 1213 ganger
< Tilbake til aktuelt
|