Sidekart      Kontakt        Sok

Aktuelt

(21.07.2009)

Artikkel om tomtefeste

At ein tomt er festa betyr at ein leiger tomta av grunneigar (bortfestar). Ofte vil leigetakar (festar) ha sin eigen bustad på den festa tomta. Her ser ein forskjell frå vanlege leigeavtaler, der ein leiger sjølve bustaden frå utleigar. Ved festeavtaler leiger ein berre tomta som bustaden står på. Festeavtalane har si eiga lov; lov om tomtefeste frå 1996.

 

Ein festeavtale kan vere uavgrensa av tid eller tidsavgrensa.

 

Dersom avtalen er uavgrensa av tid, går den ut til ein av partane seier den opp. Oppseiingsfristen er normalt 2 år, men om det er feste av noko anna enn tomt til bustad- eller fritidshus, kan det også avtalast ein frist helt ned til 6 månader.

 

Ein tidsavgrensa avtale har ein nærmare bestemt lengd. Dette betyr ikkje at festeforholdet automatisk fell bort når avtaletida er ute. Den går då over til å vere uavgrensa av tid. For at festet skal gå ut, må den seiast opp minst 2 år før utløpsdato.

 

Festeavgifta må ikkje vere urimelig høg. Kva som er rimeleg leige byggjer på ein konkret vurdering, der ein må sjå kva som er vanleg festeavgift for liknande tomter i området.

 

Ved feste av tomt til bustad- eller fritidshus kan kvar av partane gjera krav på at festeavgifta blir regulert. Etter lova skal denne reguleringa vere lik endringa i pengeverdien frå avtalen vart inngått (eventuelt frå forrige regulering hvis avtalen er regulert før). Det er mogleg å avtale ein annan regulering mellom partane.

 

Festaren har rett til å kjøpe tomta av bortfestar når det er gått 30 år av festetida, eller når festetida er ute. Etter dette kan festar av tomt til bustadhus krevja å kjøpa tomta annakvart år. Dersom det er feste av tomt til fritidshus vert denne retten avgrensa til kvart tiande år. Kjøpesummen skal vanlegvis tilsvare 30 gonger årleg festeavgift etter regulering på kjøpstidspunktet. Det er mogleg for partane å avtale ein lågare kjøpesum.

 

Det kan vere at festaren ikkje ynskjer å kjøpa tomta frå bortfestar, men heller ynskjer å fortsetje leigeforholdet. Han kan då gjera krav på ei forlenging av festeavtalen på dei same vilkår som i eksisterande avtale.

 

Krav om kjøp eller forlenging av avtalen må setjast fram skriftleg seinast 1 år før fristdatoen. Om ein ynskjer å kjøpa ein tomt etter 30 års feste, må då kravet vere bortfestar i hende etter seinast 29 år.

 

Misleghald av festeavtalen kan føre til eit erstatningsansvar for begge partar. Eit misleghald kan vere at det er manglar ved tomten eller at fester ikkje oppfyller plikter han har teke på seg gjennom festeavtalen. Dersom misleghaldet er grovt kan det etter ein nærare vurdering og vere aktuelt å heva avtalen.

 

 



Lagt inn av: Anny Reppen - Lest: 1225 ganger

< Tilbake til aktuelt

Linker
 
Kontoradresse: Parkveien 5, 6856 Sogndal
Postadresse: Postboks 25, 6851 Sogndal  |  Login
Telefon: 57 62 88 50
Telefax: 57 62 88 51  |  E-post: post@advokat-tollefsen.no